Kyllingar i Haugelia barnehage

Kyllingar i Haugelia barnehage

Haugelia barnehage har vore så heldige å få låne rugemaskin og egg med Conny og Erwin Goorden i år. Dei har ruga 20 egg og det blei to kyllingar av egga. Dette var stor stas for både små og store!

Alle i barnehagen har fått følgt med på heile prosessen. Barna har kika inn i rugemaskinen, dei har også lyst på egga og har fått følge med på utviklinga inne i egga. Dei har lært mykje gjennom med denne prosessen. Egga vart sett i rugemaskinen 25.februar, og dei vart klekte måndag 18. mars. Det var fantastisk då barna  kunne høyre «pip-pip» frå rugemaskinen, og då dei såg inn i maskinen så stod der fleire kyllingar å kika tilbake på dei.

Det er Erwin som har bygd bur til kyllingane som dei er i no. Der er det enkelt for barna og dei vaksne å ta dei ut for å halde kyllingane. Dei kan og følgje med på om kyllingane har nok mat og vatn til ei kvar tid. Barna er flinke med kyllingane og viser omsyn både når dei held dei og når dei treng kvile. Nokre av barna har også fått opplevd at dei har bæsja på dei medan dei har halde dei - men også dette var spanande og ikkje minst morosamt. Barna omtala kyllingane som «kyllingane våre».

Kyllingar i Haugelia barnehage - Klikk for stort bilete

Rugemaskin. Kyllingar i Haugelia barnehage - Klikk for stort bilete
Kyllingar i Haugelia barnehage - Klikk for stort bilete
Kyllingar i Haugelia barnehage - Klikk for stort bilete
Kyllingar i Haugelia barnehage - Klikk for stort bilete
Barna er samla for å sjå på kyllingane - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Dette har vore ei fantastisk oppleving for alle! Barna og dei tilsette er veldig takknemlege for at dei fekk låne utstyr til å gjennomføre denne prosessen i barnehagen. Det ser no ut som dette har blitt ein tradisjon i Haugelia barnehage. I fjor fekk Haugelia barnehage også låne utstyr og då fekk dei heile 13 kyllingar i barnehagen.

No gleder dei seg til å følgje med når dei blir høner og hanar, og barna håper å få til eit besøk til Conny og Erwin for å sjå dei igjen. Dei har også snakka med Erwin om få kome og plukke egg etter kvart.

Tusen takk til Erwin og Conny Goorden som har lånt Haugelia barnehage egg og rugemaskin!