Sak K-101/26 Vidare framdrift av utgreiing av ei mogleg samanslåing av Herøy, Sande og Ulstein kommunar
Vedtak:
1. Kommunestyret tek kunnskapsgrunnlaget gjeldande kommunestruktur for kommunane Herøy, Sande og Ulstein til vitande.
2. Kommunestyret vedtek å gå vidare i prosessen med å vurdere ei mogleg samanslåing av kommunane Herøy, Sande og Ulstein. Innhaldet i neste fase (fase 2) skal vere i samsvar med det som er skissert i saksframlegget. Hovudfokus skal vere:
o Kommunikasjonsarbeid med formidling av hovudfunn frå utgreiing og høyringar.
o Koordinerte politiske møte mellom kommunane.
o Innbyggjarmedverknad gjennom strukturert innbyggjarhøyring og opne møte.
o Medarbeidarmedverknad gjennom medarbeidarhøyring og involvering av tillitsvalde.
o Vurdering av behov for eventuelle tilleggsutgreiingar.
3. Tverrkommunal politisk styringsgruppe får mandat til å samordne prosessen vidare i fase 2 mellom dei tre kommunane.
4. Kommunestyret sluttar seg til ein tentativ framdriftsplan i fire fasar. Det vil vere politiske avgjerdspunkt ved utgangen av kvar fase, der kommunestyra i dei tre kommunane vedtek om dei vil gå vidare til neste fase.
o Fase 1: Utgreiing. Ferdig oktober 2026.
o Fase 2: Analyse og medverknad. November 2026 – februar 2027
o Fase 3: Forhandling av intensjonsavtale. Mars 2027.
o Fase 4: Folkerøysting, innbyggarmedverknad og endeleg politisk handsaming. April – juni 2027.
5. Kommunedirektøren får mynde til å iverksette eventuelle tilleggsutgreiingar i samråd med tverrkommunal politisk styringsgruppe.