Vedtak:
1. Sande kommune sine eigedomsskattevedtekter vert godkjende slik dei fyl denne saka.
2. Sande kommune vedtek å oppnevne sakkunnig nemnd for eigedomsskatt. Synfaring og taksering vert utført av eit profesjonelt takseringsselskap. Valutvalet skal kome med tilråding til medlemmar.
3. Sande kommune vedtek å oppnevne ei klagenemnd for eigedomsskatt. Valutvalet skal kome med tilråding til medlemmar.
4. Det vert gitt fritak for eigedomsskatt i 2026 etter eigedomsskattelova § 7 bokstav a, for eigedomar eigd av stiftingar eller frivillige lag og organisasjonar som driv almennyttig arbeid i kommunen. Administrasjonen vil utarbeide fritaksliste som vil bli lagt fram i eiga sak seinare.
5. Det vert gitt fritak for eigedomsskatt i 2026 etter eigedomsskattelova § 7 bokstav b, for bygning som har historisk verdi. Administrasjonen vil utarbeide fritaksliste som vil bli lagt fram i eiga sak seinare.
6. Det vert gitt fritak for eigedomsskatt i 2026 etter eigedomsskattelova § 7 bokstav c, for nyoppførte bustadar inntil formuesgrunnlaget frå Skatteetaten føreligg. Fritaket gjeld i inntil 2 år etter oppføring.