Vedtak
1. Kommunedirektøren sitt framlegg til årsbudsjett 2026 og økonomiplan 2026 - 2029 vert vedteke slik det går fram av framlegget og med dei rammene som det går fram av tabellar og oppstillingar under menypunkt “Budsjettvedtak”.
2. Kommunedirektøren sitt framlegg til «Investeringsbudsjett 2026-2029» vert vedteke slik det går fram av “Investeringar i økonomiplanen”. Sande kommunestyre godkjenner eit samla låneopptak på inntil 9 006 000 kroner, inklusiv 4 000 000 kroner til vidareutlån av startlån.
Verbalforslag investeringar:
Brannstasjon vert å bygge når alternativ er utreda i forhold til lovkrav frå Arbeidstilsynet. Det vert nedsett ei prosjektgruppe frå formannskapet som leiar utredningsarbeidet.
Almennings-/ambulansekai Larsnes
Ein søkjer om muleg utsetjing til 2027 grunna særlege vilkår då avtalen med Helseforetaket ikkje er på plass. Dette for å behalde tilskotet medan ein vurderer støttefinansiering.
Grunnkjøp
Halleskiftet med kr 600 000. Er aktualisert når det gjeld trygg skuleveg.
3. Framlegg til gebyr- og betalingsregulativ for 2026 vert vedteke slik det går fram av “Gebyrliste”.
4. Sande kommunestyre vedtek følgjande forslag til finansielle måltall for økonomiplanperioden 2026-2029:
- Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter bør vere minimum 1,75 %
- Disposisjonsfondet skal i løpet av planperioden ligge på 4 % av brutto driftsinntekter
5. Formueskatten vert uendra for 2026 og 2027
Finansiering:
Auka tilleggsløyving i statsbudsjettet 1 500 000 i heile økonomiperioden.
Reduksjon av totalavsetningar 2026 frå kr. 4 127 000 med kr. 1 100 000 til kr. 3 027 000.
Restdekning kr. 400 000 + kr. 600 000 vert finansiert med farledsavgift/kaileige i år 2026.
6. Sande kommune vedtek eigedomsskatt frå og med 2026, i samsvar med vedtak i sak K-139/25