Sak K-86/25 Sande kommune - innsparingstiltak til politisk vurdering
Vedtak
1.Kommunestyret sluttar seg til kommunedirektøren sine strakstiltak for 2025 med unntak av “reduksjon i stillingar barnehage”.
2.Kommunestyret ber kommunedirektøren arbeide vidare med dei aktuelle forslaga i tiltakslista, med slike endringar:
Følgjande tiltak må avvente til ein rapport for oppvekst ligg klar:
* Reduksjon i stillingar barnehage
* Legge ned Sandsøy barnehage
* Koordinering av innkjøp - matvarer (oppvekst)
* Erstatte kjøp av private tenester med kommunale teneste
* Avvikle tilbod om sommar-sfo
* Interkommunalt samarbeid knytt til kulturskule/bibliotek/PPT.
* Utset skuleutgreiinga til rapport ligg føre
Vi ynskjer meir informasjon om konsekvens av desse tiltaka:
* Vidare innsparing kommunedirektør. Stab.
* Avslutte samarbeid om ambulansebåtordning med helseforetaket.
* Ikkje erstatte årsverk uteetaten - samordning vaktmesterteneste.
* Seie opp avtale knytt til "Livsglede" sjukeheim.
* Eigendomsskatt næring
* Fjerne redusert formueskatt.
* Samfunnsbåten vert framlagt som eige prosjektrekneskap
* Vurdere differensielt eigedomsskatt
* Auke inntektskatt frå framandarbeidarar i kommunen
* Innføre hamn, farled og kaiavgifter
* Vurdere matpauseavtalen
3. Dei aktuelle tiltaka vert innarbeidd i budsjett og økonomiplanen for 2026-2029