Kva bestemte kommunestyret

Kva bestemte kommunestyret

Sande kommunestyre hadde møte tysdag 13. mai. 

Dette er dei sakene som var oppe til behandling. 

Sak K-67/25 Årsmelding for Ungdomsrådet for 2024

Vedtak: 
Kommunestyret tek årsmeldinga til vitande. 

 

Sak K-68/25 Årsmelding for eldrerådet for 2024

Vedtak: 
Årsmeldinga for eldrerådet i Sande 2024 vert teken til vitande. 

Sak K-69/25 Årsmelding for Råd for personar med nedsett funksjonsevne for 2024

Kommunestyret tek årsmeldig for Rådet for personar med nedsett funksjonsevne for 2024 til vitande. 

Sak K-70/25 Partnarskapsavtale om førstelinjetenesta for nyetablerarar - HoppId

Vedtak: 
Sande kommunestyre vedtek å vidarefører partnarskapsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune (MRFK), Innovasjon Norge (IN), og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (SF) om førstelinjeteneste for nyetablerarar for perioden 2025 – 2028 som skildra i vedlagte framlegg til avtale.

Sak K-71/25 Budsjettregulering 2025 - startlån

Vedtak: 
Sande kommunestyre vedtek å auke budsjettposten Startlån frå kr 1 mill. til kr 4 mill. for 2025. Auka vert finansiert med ubrukte startlånmidlar frå Husbanken.

Sak K-72/25 Godkjenning av årsrapport og årsrekneskap 2024 i Sande kommune

Vedtak: 
1. Kommunestyret godkjenner årsrekneskap 2024 slik det ligg føre.
2. Kommunestyret godkjenner årsrapport 2024 slik den ligg føre. 
3. Tiltaksliste for inndekking av meirforbruket vert lagt fram og handsama i junimøta.

Sak K-73/25 Gjerde, Gjerdsvika - godkjenning av Tingrettens skjønn

Vedtak: 
Sande kommunestyre tek skjønn sagt 30.04.2025 i Møre og Romsdal tingrett til vitande og godkjenner dette slik det går fram av vedlegg.

Sak K-74/25 Haugen, Larsnes - godkjenning av Tingrettens skjønn

Vedtak: 
1. Sande kommunestyre tek skjønn sagt 30.04.2025 i Møre og Romsdal tingrett til vitande og godkjenner dette slik det går fram av vedlegg. 
2. Sande kommune vedtek å tiltre skjønnet.