PS 59/26 Endring av samarbeidsavtalen mellom Helse Møre og Romsdal HF og Sande kommune - representasjon i Strategisk samarbeidsutval (SSU) i Helsefelleskapet Møre og Romsdal
1. Sande kommune vedtek å endre Samarbeidsavtalen mellom kommunen og Helse Møre og Romsdal HF, punkt 5.2.1 a), med slik ny ordlyd:
Kvar av partane peiker ut 4 representantar kvar. Representantane skal vere frå dei to øvste nivåa i Helse Møre og Romsdal HF og kommunane, for tida administrerande direktør, klinikksjef, fagdirektør, kommunedirektør og kommunalsjef. Begge partar peiker ut 2 faste vararepresentantar som møter ved forfall.
2. Verknadsdato for endra samarbeidsavtale vert 1. oktober 2026.
3. Kommunestyret gjev kommunedirektøren mynde til å samarbeide med dei andre kommunane i Møre og Romsdal om utveljing av nye kommunale representantar til Strategisk samarbeidsutval. Ved val av nye representantar skal det sikrast at kvar region i fylket vert representert, og at kommunane på søre Sunnmøre får ein representasjon som speglar dei særskilde utfordringane i regionen. Val av nye representantar skal vere gjennomført før verknadsdato 1. oktober 2026.