Vedtak:
1. Skulestruktur
• Gursken skule (1.-7. trinn) Larsnes skule (1.-7. trinn) vert slått saman til ny felles barneskule i Gursken, frå og med januar 2027.
• Kvamsøy skule (8.-10. trinn) blir flytta til ny felles ungdomsskule i Gursken (8.-10 trinn), frå og med januar 2027.
• Kvamsøy skule (1.-7. trinn) held fram i noverande lokale, men blir organisert under felles leiing og administrasjon med ny samanslått skule i Gursken.
2. Barnehagestruktur
Barnehagestrukturen vert uendra, men kommunedirektøren vil innanfor arbeidsgivar sin
styringsrett vurdere ny administrativ organisering av tenesta.
3. Kulturutvikling
• Kulturskulen blir flytta til Larsnes skule. Lokala i Gursken kan framleis nyttast til musikk- og aktivitetsrom for SFO.
• Kommunen skal, i samarbeid med frivilligsentralen, lag og organisasjonar og flyktningtenesta, vurdere om tidlegare Larsnes skule kan utviklast til ein aktivitetsbase for kultur, ungdom, frivilligheit og idrett.
• Ei eventuell flytting av biblioteket blir utsett, i påvente av ei breiare vurdering av framtidsretta biblioteksdrift, inkludert:
-interkommunalt samarbeid
- «Meiråpent»-løysing med beteningsfri opningstid
- framtidig lokalisering
4. Budsjett og økonomiplan legg til grunn ei innsparing på 2,5 millionar kroner knytt til oppvekststrukturen i 2026. Ei utsetjing av endringane til januar 2027 inneber at
innsparingskravet må realiserast i skulen gjennom redusert bemanning frå hausten 2026.
5. Kommunedirektøren får mynde til å legge korrigert forskrift om skulekrinsgrenser på
høyring, i tråd med kommunestyret sitt vedtak.
6. Når Gursken oppvekstsenter skal byggast ut som framtidig 1-10-skule for heile Sande, inneber
dette gode og nødvendige investeringar - og prioriteringar av drift og vedlikehald - for å betre
standarden på skulebygga i eit langtidsperspektiv; jf saksutgreiinga, synfaringa og rapporten frå
Telemarksforsking.
7. I utbyggingsfasen må ein sikre arbeidstilhøva både for elevane og dei tilsette - slik at
utbygginga ikkje går ut over arbeids- og læringsmiljøet.