Kunngjering om vedtak - Temaplan avløp Sande kommune er godkjend

Kunngjering om vedtak - Temaplan avløp Sande kommune er godkjend

Sande kommune har laga ein ny temaplan for avløp for perioden 2026-2035. Temaplanen erstattar den tidlegare kommunedelplanen for avløp frå 1999.

Vatn og dråpe med vatn - Klikk for stort bilete Pexels.com

Den nye planen inneheld ein prioritert handlingsplan for avløpstiltak som kommunen skal gjennomføre i perioden. Planarbeidet vart varsla oppstarta i oktober 2023, og planen har vore ute på høyring i seks veker. Kommunestyret sluttbehandla temaplanen i første møte i 2026.

Kommunestyret i Sande kommune gjorde følgjande vedtak i møte 10.02.2026 i sak 17/26:

“Temaplan avløp Sande kommune” vert godkjent i samsvar med plan og bygningslova §11-15, med dei endringane som ligg føre i merknadshandsaminga etter høyring. 

Teknisk sektor får i oppdrag å gjennomføre eit samarbeid med grunneigarane på Ytre Hauge for å rette opp i problema der.»

Kommunestyret sitt vedtak om planen kan ikkje påklagast i følgje Plan og bygningsloven §11-15.

Temaplan for avløp 2026-2035

Her finn du saksdokument - Temaplan avløp Sande kommune med vedlegg