Stemningsfull start
Susann frå kulturskulen og Ann-Kristin frå frivillegsentralen ønskte alle velkomne og fortalde om programmet for dagen. Det vart tent opp i bålpanna, som skapte ei lun og god stemning – sjølv om regnet kom litt før vi hadde rekna med.
Over 50 deltakarar tok turen, og det var glede og engasjement blant både små og store.
Musikk med sjøutsikt
I opninga fekk vi høyre ein flott spesialkomponert trommeslått av Olav, Martin og Anders. Trommeslåtten var ein Vardeveg-variasjon av den Norske revelje i moll, som dei hadde kalla «Den dorske hanen i moll». Publikum fekk også vere med å seie kykeliky. Trommelærar Bertil er ein engasjert formidlar av slåttetrommetradisjonen. Seinare i programmet var det nydeleg song, messingtonar og pianoinnslag – alt ute i naturen, med sjøen som bakteppe. Musikken løfta stemninga og gjorde opplevinga heilt spesiell.
Kunst og quiz langs stien
Langs stien i Vardevegen kunne ein sjå flotte kunstverk på skiferheller, laga av elevar frå 6. og 7. klasse ved Gursken skule og 7. klasse ved Larsnes skule. Dette vart eit kreativt og inspirerande innslag – tusen takk til dykk!
I tillegg var det hengt opp ein quiz som barna kunne undre seg over medan dei gjekk rundt i området.
Silje S. Mork
Silje S. Mork
Takk til alle som bidrog
Tusen takk til alle elevar, lærarar, frivillige og publikum som gjorde denne dagen til ei oppleving fylt med kultur, natur og fellesskap – akkurat slik Friluftslivets år skal vere!
Samarbeid gjev styrke
Avslutningsvis var Susann og Ann-Kristin einige om at:
– Til meir vi kan få til saman, dess betre
Jette H. Holstad hadde med Mathilda Vik-Nyland og Lykke Eleah Nielsen på Althorn.
Silje S. Mork