Kreative Kvamsøya

Kreative Kvamsøya


Kvamsøya med sine 225 innbyggarar får til meir enn dei fleste. Her finn vi både kulturliv og næringsliv som rett og slett imponerer.

Næringslivet

Beitveit Havfiske AS har tidlare satsa på fiskeri men er no inne i prosessen med lakseavlusing med båten Sea Liberty 1.

Brimer Servitec  er ein av Europas leiande produsentar av tankar, høgdebasseng og oppdrettsskar i komposittmateriale. Dei tek hele prosessen frå design og styrkeberekning til produksjon av element, transport, montering, og ferdigstilling av komplette basseng og tankar ute hos kunden. Dette gir mange arbeidsplassar , ikkje berre for kvamsøyingar. Dei har også innpendling til øya der mange brukar pendlarruta med AMBU.

AMBU er ein viktig veg både til og frå Kvamsøya inntil ferje og båttrafikk kan erstattast av Sande fastlandssamband. To gongar om morgonen og to gongar på ettermiddag syter båten for at folk kjem seg dit dei skal.

Når fastlandsambandet ein gong er på plass vil dette vere eit stort framsteg for alle på øya, ikkje minst næringslivet som vil få betre rammevilkår, vere «døgnope» og tilgjengeleg for alle heile tida.

Best på tilstelningar

Vi vågar påstanden om at ingen andre lokalsamfunn har så mange tilstelningar i året som Kvamsøya ( korona-tida ikkje medrekna). Her blir det stadig vekk arrangert basarar, hobbykveldar, konsertar og andre samkome for einkvar smak. Og alle på øya er flinke å delta- slik skaper samhald.

Sommardagar på Kvamsøya i regi av Kvamsøy IL er eit kjent begrep i distriktet. Det nyaste arrangementet i år var Kvamsøy halvmaraton og Kvamsøymila . Nytt "påfunn" frå ein utanfrå som idrettslaget var med på med ein gong, og som  blir ein del av Sommardagar på Kvamsøya i framtida. 

Kvamsøy idrettslag står også bak ein ny turveg på øya som går frå stadion til Myravatnet. Her blir det veg slik at også personar med nedsett funksjonsevne kan kome seg på fjelltur. Ved turvegen er og blir det planlagt mange aktivitetsmuligheiter- framtida vil vise kva som blir realisert. Men kreative kvamsøyingar får det til - når dei har planen klar! Det blir i all fall sti frå turvegen til gapahuken.

Turvegen er finansisert med tippemidlar, støtte og bidrag frå bedrifter og private. Fantastisk tiltak for folkehelsa!  No er den også eit Stikk Ut - vinterturmål

Geir Inge Brekke   Ein av Moroturane på Kvamsøy er  Nonshornet. Elles finst her mange merka turløyper - lange / korte - og det er fint å ta sykkeltur på Kvamsøya - der står faktisk syklar ved Coopen. Då finn du lett gravrøysene på austsida av øya -  rundt 80 små og store gravhaugar frå år 500 til 1000 e.kr. - periodane merovingartida og vikingtida. Ta med badeklede når det er sesong for det - det er mange fine badestrender på Kvamsøya.

Den strategiske plasseringa gjorde også at tyskarane under den 2. verdskrigen bygde kanonstillingar på Basseneset sørvest på øya. 1. juni vart det tyske transportskipet «Hans Leonhard» skote i brann av engelske fly då det passerte Kvamsøya. Skipet var lasta med sprengstoff og eksplosjonen som fylgde var den største i Noreg under den 2. verdskrigen. Delar og forvridde jarnrestar etter eksplosjonen kan ein framleis finne i terrenget rundt på øya.

Organisasjonar bidreg også sterkt til folkehelse og trivsel på øya. Kvamsøy helselag, Tareholmen 4H, Øyklang er nokre av dei.

Kvamsøy næring-og bygdeutvikling er viktig for kvamsøyingen og for næringslivet - og arbeider for at alle skal få eit godt daglegliv og vere med i utviklinga av øysamfunnet. 

Bu eller feriere?

Kvamsøya har eige oppvekstsenter med barnehage med eit godt aktivitetsmiljø rundt. Mange har fått opp augene for den fantastiske utsikta og lyset du får ut ved havet.

Vestlandsnytt  

Storholmen er eit nytt ferietilbod  ytterst mot Stadt-havet. Og det blir faktisk også Haugsholmendagane 2022 dersom alt går etter planen.

 

 

Du kan gjere som kvamsøyingen: nyte fine dagar med solnedgang eller sjarmen med ver og vind. Det er elles kommunale leilegheiter i bygda og ledige kommunale tomter.