Kommunen treng fleire støttekontaktar – vil du vere med å gjere ein forskjell?

Kommunen treng fleire støttekontaktar – vil du vere med å gjere ein forskjell?

Nokre innbyggjarar i kommunen har behov for litt ekstra støtte for å delta i sosiale aktivitetar og få ein meir aktiv og meiningsfull kvardag. For å møte dette behovet, søker kommunen no støttekontakt som kan bidra i alt frå fritidsaktivitetar til trygge sosiale møteplassar.

På tur i naturen. Termos med varm drikke - Klikk for stort bilete iStock

Støttekontakten hjelper enkeltpersonar som treng støtte til å kome seg ut, oppleve meistring og delta i aktivitetar dei sjølve ønsker. Dette kan til dømes vere å gå på kino, spele fotball, drive med gaming i lag, gå tur eller følgje opp andre interesser brukaren har. 

Kommunen ønsker kontakt med personar i 20–30‑åra som har eit engasjement for menneske, og som kan vere ein positiv og trygg vaksenperson i kvardagen. Du må vere fleksibel då trefftida som regel er om ettermiddagen eller i helga. Oppdraget er på inntil 16 timar pr.månad. Du treng inga formell utdanning – det viktigaste er at du har tid, motivasjon og lyst til å bidra.

Som støttekontakt får du:

  • ei meiningsfull oppgåve der du gjer ein viktig forskjell for andre
  • fleksibel arbeidstid
  • opplæring og rettleiing
  • godtgjersle etter kommunale satsar

 

Har du eit ønske om å bidra til inkludering og deltaking i lokalsamfunnet, oppmodar vi deg til å melde deg på lenkja under. Ta kontakt med Sjur Strandbakken, einingsleiar for bu og habilitering, om du har spørsmål. Tlf: 99768269.

 

https://skjema.sande.kommune.no/skjema/SAN012/Registrere__deg_som_stttekontakt

Støttekontaktarbeidet er både givande og lærerikt – og kan vere starten på ein verdifull relasjon for dykk begge.