Stortingsvalet 2025

Klipp hekkar og busker før skulestart– for tryggare skuleveg

Klipp hekkar og busker før skulestart– for tryggare skuleveg

Har du hekk eller busker som grensar mot veg eller gangveg? Då er det viktig å sjekke at dei ikkje hindrar sikt eller kjem ut i vegbana. Måndag 18. august startar skulen opp att, og mange barn skal gå eller sykle til og frå skulen. Greiner som stikk ut kan gjere det vanskeleg å sjå, og skape farlege situasjonar.

Hagesaks og hekk - Klikk for stort bilete istock

Ved kryss og andre stader der god sikt er viktig, må hekkar og buskar ikkje vere høgare enn ein halv meter. Bilistar og syklistar må kunne sjå barn som kjem rundt hjørnet i god tid.

Vegetasjon må heller ikkje presse fotgjengarar, rullestolbrukarar eller syklistar ut i vegbana. Hekkar, buskar og tre skal ikkje skjule trafikkskilt, vegnamn, lys eller signalanlegg.

Du har ansvar for vegetasjonen på din eigedom

Som grunneigar har du ansvar for at hekkar, busker og tre på din eigedom ikkje hindrar sikt eller kjem ut i offentleg veg. Dette gjeld også gang- og sykkelvegar.

Sjekk dette før skulestart:

  • Klipp hekkar og busker som stikk ut i veg eller gangveg.
  • Sørg for god sikt ved avkøyrsler og kryss.
  • Fjern greiner som skjuler trafikkskilt eller lyktestolpar.

 

Slik skal det vere:

  • Ved avkøyrsla di skal du ha minst 30 meter fri sikt i begge retningar langs gang- og sykkelvegen når du står 3 meter inn frå vegen.
  • Hekk og gjerde skal ikkje vere høgare enn 50 cm ved avkøyrsla.
  • Dersom vegen har fartsgrense på 50 km/t, skal du ha 4 meter fri sikt inn og 45 meter til kvar side.

Dette er krav frå Statens vegvesen og Trygg Trafikk, som minner om at god sikt er viktig for tryggleiken til dei mjuke trafikantane – særleg barn.

Viss avkøyrsla di kryssar ein gang- og sykkelveg, må hekkar og gjerde i frisiktsona ikkje vere høgare enn 0,5 meter over gateplan. - Klikk for stort bileteViss avkøyrsla di kryssar ein gang- og sykkelveg, må hekkar og gjerde i frisiktsona ikkje vere høgare enn 0,5 meter over gateplan. Statens vegvesen

Når du har tre ut mot vegen

Har du tre som står ut mot veg, fortau eller gang- og sykkelveg? Då må du passe på at greinene ikkje heng for lågt:

  • Over vegen må greinene henge minst 5 meter over bakken.
  • Over fortau og gang- og sykkelveg må dei henge minst 3 meter over bakken.

Du som eig trea har også ansvar for å fjerne greiner som fell ned.

Tre ut mot veg – dette må du passe på. Viss du har tre som står ut mot veg, fortau eller gang- og sykkelveg, må du sørge for at greinene ikkje heng for lågt. Over vegen må greinene henge minst 5 meter over bakken. Over fortau og gang- og sykkelveg må dei henge minst 3 meter over bakken. - Klikk for stort bileteTre ut mot veg – dette må du passe på. Viss du har tre som står ut mot veg, fortau eller gang- og sykkelveg, må du sørge for at greinene ikkje heng for lågt. Over vegen må greinene henge minst 5 meter over bakken. Over fortau og gang- og sykkelveg må dei henge minst 3 meter over bakken. Statens vegvesen

 

Om du ikkje klipper godt nok, kan kommunen krevje at du gjer det.
Kommunen har rett til å pålegge grunneigarar å klippe hekkar og buskar som hindrar sikt eller trygg ferdsel.

Lenke til regelverk

Klarer du ikkje å klippe sjølv?
Om du ikkje har høve til å klippe hekkar og buskar sjølv, bør du kontakte ein entreprenør eller nokon som kan gjere jobben for deg.

Hageavfall kan du levere gratis hos SSR.