Ann-Kristin Brekke Oksavik
Aktiv familiedag ved gapahuken i Vardevegen
Måndag var det planlagt skøytedag på Hallevatnet, men mildvêr og smeltande is gjorde dette umogleg. Arrangementet vart derfor flytta til Vardely, gapahuken i Vardevegen. Her stilte NaKuHel med pølser, brød og kakao.
I gapahuken kunne barna løyse oppgåver og rebusar saman, og dei som ønskte det fekk spikke sine eigne grillspyd. Ein kjekk gjeng møtte opp, og fleire som var på tur i området stoppa for ein prat undervegs.
Ann-Kristin Brekke Oksavik
Ann-Kristin Brekke Oksavik
Ann-Kristin Brekke Oksavik
Open hall med leik og aktivitet
Ann-Kristin Brekke Oksavik
Tysdag vart det arrangert open hall/ungdomsklubb, eit samarbeid mellom Frivillegsentralen og Larsnes Idrettslag. Tilbodet vart denne gongen lagt til dagtid, og rundt 20 barn deltok i fire aktive timar med ballspel, frileik, brettspel og gaming på loftet.
Midt i programmet serverte Frivillegsentralen ostesmørbrød – noko som var svært populært etter mykje aktivitet. Tilbodet var ope for elevar frå 4. trinn og oppover, og det var god variasjon i alder.
Tur til symjehallen i Ulsteinvik
Torsdag gjekk turen til symjehallen i Ulsteinvik. Barna og ungdommane reiste samla med buss, og NaKuHel dekte både reise og inngang. Det vart ein kjekk utflukt med ei aktiv og positiv gruppe deltakarar.
Nøgde samarbeidspartnarar
Både Ann-Kristin frå Frivillegsentralen og Nina frå NaKuHel Sunnmøre er svært nøgde med vinterferieaktivitetane – og ikkje minst samarbeidet dei i mellom. Det er allereie fleire nye samarbeid på trappene.
f.v. Nina Bøe og Ann-Kristin Brekke Oksavik
Silje S. Mork
NaKuHel og ABC for psykisk helse
Nina fortel at NaKuHel Sunnmøre er ein av fem pilotar i Møre og Romsdal som arbeider med å ta i bruk ABC-rammeverket i ei nasjonal folkehelsekampanje.
ABC står for Act – Belong – Commit:
- Gjer noko aktivt
- Gjer noko saman
- Gjer noko meiningsfullt
Målet er å gjere det enklare for folk å ta vare på si eiga og andre si psykiske helse. Gode felleskapsopplevingar er ein viktig del av dette, og nettopp her fann Nina og Ann-Kristin kvarandre som naturlege samarbeidspartnarar.