Kartlegging av forureining i kommunen

Kartlegging av forureining i kommunen

Sande kommune ynskjer hjelp frå innbyggarane for å få oversikt på kva som forureinar vår kommune. Har du noko du vil informere oss om, set vi pris på det.

Sande kommune har gjennomført møte med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og ein drøfta her dei ulike problemstillingar som ein ynskjer å arbeide vidare. Sande kommune vil  gjennomføre ei førebels kartlegging av dei ulike forureiningssakene som kommuna er kjend med. Teknisk sektor vil deretter lage ei prioritert liste for arbeidet med påfylgjande synfaring. 

Kven har ansvar? 

Det er grunneigar som er ansvarleg for opprydding med mindre annan forureinar er kjend. Dersom forureinar ikkje gjennomfører oppryddingstiltak, blir det gitt pålegg med heimel i aktuell lov.

Informer oss dersom du har opplysningar

Vi tek imot opplysningar om forureining på desse aktuelle områda:

  • Landbruksplast –plast frå rundeballeproduksjon
  • Plastforureining frå oppdrettsanlegg og andre
  • Luftforureining
  • Industriområder og fare for grunnforureing
  • Køyretøy – utrangerte køyretøy
  • Utrangerte båtar
  • Brenning – kartlegge kva typer brenning som er lovleg
  • Avlaupsproblematikk
  • Anna

 

Innbyggjarar og andre som har innpel knytt til dette kan informere oss her. 

Når du sender oss melding treng vi å vite nøyaktig kvar du har sett denne forureininga. Vi vil difor at du gir opp kartposisjon eller vegnamn, eller gards/ bruksnummer. Legg gjerne ved eit kart eller foto som viser kvar dette er. 

Vi set pris på at du ikkje sender anonym melding, men gir opp kontaktinformasjon slik at vi kan kontakte deg om det er noko vi lurer på.