iStock
Besøksheim
Å vere besøksheim er noko anna enn å vere fosterheim, som besøksheim tek du imot eit barn ein eller fleire helgar i månaden. Dette er eit frivillig hjelpetiltak som skal støtte familiar som treng det.
Besøksheimen gir barnet moglegheit til å få fleire trygge vaksne i livet sitt og eit større nettverk. Også slektningar kan vere besøksheim.
Fritidskontakt
Ei fritidskontakt er ein medarbeidar som er løna av kommunen. Gjennom samvær og ulike fritidsaktiviteter skal fritidskontakta bidra til at menneske med behov for hjelp, støtte og kontakt får ei trygg og meiningsfull fritid.
Har du lyst til å bidra?
Ta kontakt med interkommunal barnevernsteneste på telefon 902 28 670 dersom du kan tenke deg å vere besøksheim eller fritidskontakt.