Larsnes kyrkje
Kyrkjene i Sande
For meg er dette songen over alle julesongar. Etter sunnfjordingen Jakob Sande sin store dikt- og forfattarskatt, oftast framført til melodi av Lars Søraas d.y. Garantert julestemning. Det var kanskje ikkje så opplagt at nettopp Jakob Sande skulle skrive denne teksta i 1931. Han som skreiv med glimt i auget om alt frå «Kallen og katten», «Etter ein rangel» til makabre tekster som «Likfunn» og sterke miljøskildringar frå sjømannslivet. Samstundes som han henta fram dei varaste kjensler i seg og sine lesarar med tekster som «Då Daniel drog ut i verda, «Du er min los» og altså «Det lyser i stille grender» mellom så mykje anna. I seg sjølv ei nyttig påminning i kvardagen om at «vi skal ikkje skue hunden på håra».
Lokalt har vi hatt nok ei fin førjulstid med julekonsertar i fullsette kyrkjer, samfunnshus og i skulane våre. Kulturskulen, lokale kor og korps med solistar held aldri opp med å imponere. Stor takk til alle som bidreg. Og for min del har eg fått solide doser med «Det lyser i stille grender». Til og med kommunestyret nytta denne songen ved opninga av møtet.
Sjølv om jula er ei tid for glede, så kjem vi ikkje bort frå at jula for mange også er ei tid for vemod og sakn etter dei som ikkje lenger er blant oss. Og nokre vil kjenne meir på einsemd nettopp i jula. Slik blir jula også ei tid for ekstra omtanke. Ta vare på kvarandre.
God jul og godt nyttår til alle!
Med beste helsing
Dag Vaagen -ordførar