Jordmor i Sande

Jordmor i Sande

Gravid Anna Langova  No har vi vår eiga jordmor i Sande. 

Sara Fugledal Wiik er frå 01.01.20 Sande kommune si faste jordmor.

Sara vil kombinere dette med stillinga som konstituert leiande helsesjukepleiar, og er fast stasjonert på Helseavdelinga på Nyglå.

Tidlegare har vi hatt ei ordning der vi har nytta oss av ei interkommunal ordning med faste "jordmordagar" på helsestasjonen/ legesenteret. No kan treff med jordmor tilpassast betre den enkelte- ei fin løysing for den gravide. 

Kontakt

Sara Fugledal Wiik
jordmor
E-post
Telefon 70 02 67 60
Mobil 91 52 97 30