Inviterer til sorggruppe for barn
Har du eit barn som har mista ein forelder eller søsken? Sorggruppe er eit tilbod til barn i 1.–7.klasse som har mista søsken eller ein forelder. Sorg er ein langvarig prosess, men mange opplever det nyttig å treffe andre barn i same situasjon. Dei kjenner seg mindre aleine og dei forstår lettare sine eigne reaksjonar og opplevingar.
Det vert samling fem gongar i 1,5 time. Tilbodet er gratis, livssynsnøytralt og interkommunalt. Gruppa vert leia av to helsesjukepleiarar. 

Kvifor delta i sorggruppe?
- Hjelpe barnet til å forstå sorg
 - Normalisere tankar, kjensler og handlingar
 - Støtte barnet til å finne styrke i seg sjølv og relasjonane sine
 - Øve på å fortelje si eiga tapshistorie
 - Hjelp til å bearbeide minne
 
 
Påmelding til helsesjukepleiar Mari Haugen Lunde i Ulstein kommune.
Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon? Ta kontakt med helsestasjonen i kommunen din.
Brosjyre sorggruppe for barn.pdf (PDF, 141 kB)
        Pixabay