iStock
Skatten gjeld alle faste eigedomar i heile kommunen, inkludert bustadar, næringseigedomar, fritidsbustader og andre skattepliktige eigedomar.
Fritak for eigedomsskatt
I samsvar med § 5 i Lov om eigedomsskatt til kommunene er det visse eigedomar som er fritekne for denne skatten: Sjå § 5 i Lov om eigedomsskatt til kommunane.
Sande kommune har også gitt fritak for eigedomsskatt i 2026 etter eigedomsskattelova § 7 bokstav a, b og c,
Dette gjeld:
- eigedomar eigd av stiftingar eller frivillige lag og organisasjonar som driv almennyttig arbeid i kommunen,
- bygningar med historisk verdi
- nyoppførte bustadar inntil formuesgrunnlaget frå skatteetaten ligg føre. ( inntil 2 år etter oppføring)
Administrasjonen vil utarbeide fritaksliste som vil bli lagt fram i eiga sak seinare.
Eigedomsskattevedtekter
Kommunestyret vedtok i K-sak 19/26 eigedomsskattevedtekter slik at ein kan starte arbeidet med utskriving av eigedomsskatt.
Kommunestyret skal i mars velje medlemmar til lovpålagde nemnder som skal vere med i dette arbeidet.
Taksering av bustadar
For bustadeigedomar vert bustadverdien nytta - det vil seie formuegrunnlaget frå Skatteetaten - til å berekne skatten.
Alle eigedomar som ikkje har formuegrunnlag må takserast. Det skjer i hovedsak ved utvendig synfaring.
Taksering av andre eigedomar
Næringseigedomar, hytte, naust og liknande har truleg ikkje eit formuegrunnlag frå Skatteetaten i dag. Desse må difor synfarast og takserast.
Takseringa av slike eigedomar kan vere meir detaljert enn for bustadar. Det kan vere behov for at dei som skal taksere, kjem inn i bygget. Eigaren vil i så fall verte kontakta i god tid.
Meir informasjon om taksering vil kome når det er klart kven som skal stå for takseringa.
Sande kommune reknar med at første faktura for betaling av eigedomsskatt vil bli utsendt hausten 2026.