Innbyggarane i Sande har no gratis tilgang til energiportalen.no

Innbyggarane i Sande har no gratis tilgang til energiportalen.no

Energiportalen kan blant anna gi deg svar på kor mykje du kan spare på straumrekninga di ved å redusere energibruken i heimen din, og kjem med råd til korleis du kan gjere dette.

Energiportalen

Lurer du på om det lønner seg å installere varmepumpe, solcellepanel eller nytt ventilasjonssystem? Tenker du på å etterisolere eller skifte vindauge?

På Energiportalen kan du teste ut store og små tiltak, og finne ut kva som passar deg og økonomien din best.

Energiportalen er gratis å bruke for deg som bur i Sande kommune. 

På energiportalen.no kan du søke opp bustaden din

https://vimeo.com/manage/videos/905102686.

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og er levert i samarbeid med kommunane i fylket. Energiportalen er levert av Simenergi AS.