Informasjon om kaiarbeidet på Kvamsøy og ferjedrift

Informasjon om kaiarbeidet på Kvamsøy og ferjedrift

Kystverket vil i løpet av kort tid legge ut anbodsdokument i samband med kaiarbeidet på Kvamsøya. Det planlagde kaiarbeidet vil medføre utfordringar for ferjedrifta.

Det har vore ei lokal høyring om arbeidet, og Kystverket vil etter innspel frå høyringa legge opp til døgndrift (nattarbeid) når valde entreprenør skal utføre peling i hamnebassenget. Eit vilkår for dette vil vere at Kystverket får nødvendige løyver for slikt arbeid. 

Det er antyda at arbeidet med pelinga vil ta 4 døgn om ein tek heile døgnet i bruk. I denne perioden vil ferjedrifta mest truleg vere innstilt, eller i beste fall vere svært avgrensa. Kystverket har oppretta dialog med reiarlaget til MS Liv om kjøp av passasjerruter i denne perioden.

Kystverket planlegg å tildele kontrakt for arbeidet i månadsskifte august/september. Når kontrakten er avklart og entreprenør er valt vil Kystverket kome med meir konkret informasjon om dato for prosjektstart, dato for innstilt ferje, alternative rutetider for MS Liv og anna relevant informasjon.

Kontakt

Oddbjørn Indregård
assisterande kommunedirektør