Husbanken: Tilskot til aldersvenleg oppgradering av eigen bolig
Husbanken tilbyr no tilskot for å gjere boligen din meir aldersvenleg. Målet med tilskotet er at skal kunne bo heime lengre, også når helsa endrar seg.
Du kan søke om tilskota om:
- du er over 62 år eller bur med ein som er over 62 år
- du bur i boligen sjølv og den er ein eigd eller leigd heilårsbustad. Om du leiger må du ha samtykke frå utleiger
- bustaden er di fokeregistrerte adresse
- du skal oppgradere for minst 40.000 kroner
Kor mykje kan du få?
Du kan få dekt inntill 25 prosent av kostnadane til prosjektet. Det er inga øvre grense for totalkostnad for prosjektet, men du kan maksimalt få 75.000 kroner i tilskot. Du kan berre få tilskot ein gong per bolig.
Les meir om tilskotet og korleis du kan søke her