HUGS: 1. desember er røykvarslardagen

HUGS: 1. desember er røykvarslardagen

“Røykvarslerdagen” 1. desember er ei viktig påminning om å ta brannsikkerheita på alvor når vi no går inn i ein tid på året der det ofte brenn meir enn elles.

dsb

– Her i vårt nedslagsområde rykka brannvesenet ut til ein del bustadbrannar i fjor. Desember er ein månad aleine med mange brannar i Norge. (https://www.dsb.no/menyartikler/statistikk/hvor-ofte-er-det-boligbranner-i-din-kommune/ .

“Røykvarslerdagen” er ein landsomfattande kampanje som går fast av stabelen 1. desember kvart år. Det er Brannvernforeningen, DSB og Gjensidige forsikring som står bak kampanjen sentralt. Lokalt er det brannvesenet og DLE (Det lokale El-tilsyn) som bidrar til å setje fokus på denne viktige bodskapen.

– Om røykvarslarane fungerer slik dei skal, så må dei høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, òg når døra mellom romma er lukka. Alle må ha minst éin røykvarslar i kvar etasje. Dei fleste har fleire varslarar, og då tilrår vi at dei er seriekopla slik at om éin piper, så piper alle. I tillegg til 1. desember, bør du teste røykvarslarane dine jamleg, samt etter at du har vore borte i ei veke eller meir.

Ta ansvar for dei nærmaste. Brannstatistikken viser at det er nokre risikoutsette grupper som er meir utsette og sårbare om ein brann inntreff. Det er blant anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

– Mange av desse vil ha vanskeleg for å sjekke røykvarslaren(e) sjølve, og vi oppfordrar difor alle som har moglegheit til å hjelpe dei ein kjenner som kan tenkjast å slite med dette.

www.roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar brannsikkerheita i heimen.

DSB

Faktaboks: Røykvarslarar og brannsikkerheit

• Har du nok røykvarslarar? Ein undersøking frå Ipsos viser at 5 prosent av befolkninga ikkje har, eller er usikre på om dei har, røykvarslar. Det svarar til opptil 200 000 personar.

• Kvifor røykvarslar? Røykvarslaren er heimens viktigaste livreddar, og ein enkel måte å auke brannsikkerheita på.

• Krav til røykvarslar: Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen må kunne høyrast tydeleg i opphaldsrom og soverom, òg når dørene mellom romma er lukka.

• Plassering av røykvarslar: På høgaste punkt i taket, og minst ei halvmeter ut frå veggen.

• Levetid og godkjenning: Røykvarslarar bør bytast ut etter 8-10 år. Sjekk produksjonsdatoen på baksida. Forhandlarar er ansvarlege for at røykvarslarane som seljast er produsert i samsvar med regelverket. Sjekk at varslaren er CE-merka.

• Bruk seriekopling: Seriekopla røykvarslarar sikrar at alle varslar samstundes i heile bustaden. 

• Røykvarslarar er EE-avfall: Gamle og brukte røykvarslarar skal ikkje kastast i søpla, men kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale gjenvinningsstasjon.

Kontakt

Kjell Hauge
ingeniør
E-post
Mobil 99 57 97 16