Adobe Stock
Bakgrunn
Den økonomiske situasjonen i kommunen gjer endringar nødvendig. I budsjettvedtaket for 2026 ligg det inne at ein må gjere noko med organiseringa av oppvekstsektoren.
Kommunestyret bestilte i K-sak 33/25 ei ny heilskapleg og ekstern utgreiing av oppvekstsektoren. Argumentet for dette var å få eit nytt og nøytralt blikk i utgreiinga, og ei løysing på framtidsretta struktur i oppvekst- og kultursektoren.
Telemarkforskning har hatt dette oppdraget og har lagt fram sin rapport som er grunnlaget for kommunedirektøren sitt høyringsframlegg (alternativ 1).
På kommunestyremøtet 17. mars vart eit tillegg til formannskapet sitt framlegg vedteke (alternativ 2).
Alternativ 1 - formannskapet si tilråding
Kommunedirektøren byggjer tilrådinga si på det kunnskapsgrunnlaget som i sum er utarbeidd, i tillegg til dei ytterlegare presiseringane som har kome frå Telemarksforsking knytt til rapporten.
1. Skulestruktur
- Gursken skule (1-7) Larsnes skule (1-7) vert slått saman til ny felles barneskule i Gursken, frå og med skuleåret 2026/2027.
- Kvamsøy skule (8-10) blir flytta til ny felles ungdomsskule i Gursken (8-10), frå og med skuleåret 2026/2027.
- Kvamsøy skule (1.–7. trinn) held fram i noverande lokale, men blir organisert under felles leiing og administrasjon med ny samanslått skule i Gursken.
2. Barnehagestruktur
Barnehagestrukturen vert tilrådd uendra, men kommunedirektøren vil vurdere ny administrativ organisering av tenesta.
3. Kulturutvikling
- Kulturskulen blir flytta til Larsnes skule, men med moglegheit for bruk av lokala til musikk- og aktivitetsrom for SFO i Gursken.
- Kommunen skal, i samarbeid med frivilligsentralen, lag og organisasjonar og flyktningtenesta, vurdere om tidlegare Larsnes skule kan utviklast til ein aktivitetsbase for kultur, ungdom, frivilligheit og idrett.
- Ei eventuell flytting av biblioteket blir utsett, i påvente av ei breiare vurdering av framtidsretta biblioteksdrift, inkludert:
- interkommunalt samarbeid
- «Meiråpent»-løysing med beteningsfri opningstid
- framtidig lokalisering
Alternativ 2 - framlegg frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet
1.Kommunestyret vedtek å samle skulane på Kvamsøy, Larsnes og i Gursken i ei felles administrativ eining, med undervisning på tre lokasjonar; Kvamsøy, Larsnes og Gursken. Forslaget føreset bruk av dei to barneskulane i Gursken og på Larsnes, samt spesialromma ved skulen i Gursken. Samla vil dei to skulebygga ha plass til ti klasser om ein fordeler dei rett. Då vil alle elevane ha gode arbeidstilhøve største delen av undervisningstida.
2. Elevane på trinna 1-7 som soknar til Kvamsøy skulekrins skal ha tilbod om skule på Kvamsøy.
3. For elevane på Gurskøya skal klassene fordelast mellom skulebygga på Larsnes og i Gursken. Ein oppnår å samle elevane på kvart trinn i ei klasse. Oppdaterte tal frå Telemarksforskning viser ei innsparing på rundt 2,7 millionar kroner ved deling i ungdomsskule og barneskule. Ein anna fordeling av klassene vil truleg gi ytterlegare innsparing i høve til reduksjon i kapitalkostnader.
4. Den konkrete organiseringa av trinn og klassar mellom skulane skal fastsetjast av administrasjonen etter fagleg medverknad frå lærarkollegiet. Organiseringa kan justerast mellom skuleår dersom pedagogiske eller organisatoriske omsyn tilseier det. Ein oppnår å samle tilsette i ei eining, med leiar som rår over alle ressursane samla.
5. Kommunestyret ber kommunedirektøren utarbeide oppdatert høyringsgrunnlag med økonomisk effekt i tråd med dette.
Saka med alternativ 1 og alternativ 2 vert lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 14.april 2026.
Her kan du finne alle dokument i saka og følgje med på høyringsinnspela som kjem.
Dette ønsker kommunen å oppnå
Endringar i orgniseringa av oppvekstsektoren skal bidra til å:
- sikre langsiktig og ansvarlig ressursbruk
- sikre et likeverdig og godt opplæringstilbud
- styrke bærekraftige fagmiljøer
Høringssvara vil bli ein del av det samla kunnskapsgrunnlaget som blir lagt til grunn i den politiske behandlinga av organiseringa av oppvekstsektoren i Sande kommune.
Høyringssvar og frist
Innspel til saka må vere skriftleg og kan sendast per post til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
Merk innspelet med “Framtidig organisering av oppvekstsektoren i Sande.”
Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnr. 25/8
Eventuelle merknadar må sendast kommunen innan: 14. april 2026