Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten for blant anna naturnamn, men kommunen har rett til å uttale seg før vedtak. Kartverket sender med dette saka på lokal høyring i kommunen, jf. § 8 i lov om stadnamn.
Saka vert teken opp for å få avklart rett skrivemåte for offentleg bruk.
Namna som er omfatta i høyringa er:
- Simohamna (føreslått)
- Simahamnholmen (godkjend bruk)/Simohamnholmen (føreslått) og Simaholmen (godkjend bruk)/Simoholmane (føreslått)
- Simaskjeret (godkjend bruk)/Simonskjeret (godkjend bruk)/Simoskjeret (føreslått)
- Svedehornet (føreslått)
- Svedevatnet (godkjend bruk)
- Høgste Riste (føreslått)
Etter lova skal skrivemåten fastsetjast med utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen av namnet. Kartverket ber derfor om at alle som uttalar seg, opplyser kva som er den lokale dialektuttalen. Dersom namnet vert uttalt på ulike måtar, ynskjer dei å få opplyst dei ulike uttaleformene.
I tillegg til å ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen, skal ein som hovudregel fylgje gjeldande rettskrivingsprinsipp ved normering av stadnamn, jf. § 4 fyrste ledd i lov om stadnamn.
Du kan lese meir i sakspapira her
Høyringssvar og frist:
Merknadar til forskrifta må vere skriftleg og kan sendast til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes
Merk skrivet med «Namnesak Simohamna med fleire i Sande kommune»
Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnr. 26/122
Høyringsfrist 2. november
Sunnmørskart