Høyring - Framlegg til budsjett og økonomiplan 2027

Høyring - Framlegg til budsjett og økonomiplan 2027

Formannskapet si tilråding til budsjett for 2027 og økonomiplan for perioden 2027-2030 vert med dette lagt ut til offentleg ettersyn, og du kan kome med innspel.

Sande kommune har framleis ein krevjande økonomisk situasjon med avgrensa handlingsrom. Samstundes aukar utgiftsbehovet som følgje av demografiske endringar, særleg innan helse- og omsorgstenestene, medan finansutgiftene ligg på eit høgt nivå gjennom planperioden. 

Det er derfor nødvendig å halde fram arbeidet med å tilpasse driftsnivået til kommunen sine inntekter og prioritere ressursbruken innanfor dei økonomiske rammene kommunen har til disposisjon.

Budsjettilrådinga frå formannskapet inneheld i korte trekk: 

«Investeringsbudsjett 2027-2030» vert vedteke slik det går fram av “Investeringar i økonomiplanen”, med godkjenning av samla låneopptak på inntil 40 mill. kroner.

Gebyr- og betalingsregulativ for 2027 vert vedteke slik det går fram av “Gebyrliste”. 

Ordninga med lokalt redusert formuesskatt blir fjerna frå 2027.

Eigedomsskattesats for 2027 vert sett til 2,0 promille jf. esktl. § 11 og 13.
 

Du kan lese sakspapira her

Les budsjettframlegget i sin heilskap her

Høyringssvar og frist:

Du kan skrive ditt høyringssvar her. Merk med sak 26/3597

Du kan også sende skriftleg høyringssvar til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes 

Merk skrivet med «Budsjettframlegg 2027»

Høyringsfrist: tysdag 1. desember klokka 11.00.