Høyring - første gongs ettersyn - Detaljregulering Gjerdsvika næringsområde, samleveg

Høyring - første gongs ettersyn - Detaljregulering Gjerdsvika næringsområde, samleveg

Sande kommune har utarbeidd ein detaljreguleringsplan for samleveg ved Gjerdsvika næringsområde. Rådgjevingsfirmaet OSE har hjelpt kommunen med dette arbeidet.

Detaljreguleringsplan  for samleveg ved Gjerdsvika næringsområde - Klikk for stort bilete

Formannskapet i Sande kommune har i møte 03.06.2025 i sak FO-96/25 vedteke å legge planen ut til offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. 

Plandokumenta finn du her. Høyringa vert også varsla gjennom avisa Vestlandsnytt.

Merknadar til planforslaget må vere skriftleg og sendast anten per post til: 

Sande kommune, 

Rønnebergplassen 17, 

6084 Larsnes 

eller via e-post: postmottak@sande.kommune.no

Viktig å merke skrivet med «DP Gjerdsvika næringsområde, samleveg– første gongs høyring - Merknad»

 Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnr. 24/1279

 

Eventuelle merknadar må sendast kommunen innan: måndag 11. august 2025.