Høyring - Forskrift om fellingsavgift for hjort

Høyring - Forskrift om fellingsavgift for hjort

Sande kommune må vedta forskrift om fellingsavgift på hjort for å kunne fortsette å krevje inn desse etter at ny viltressurslov trådte i kraft 1. juli 2026. Fellingsavgiftene vert inntekter til viltfondet som mellom anna dekker utgifter til ettersøksarbeid med fallvilt.

Det fylgjer av viltressurslova § 9 fjerde ledd at i kommunar der det er adgang til jakt på elg, hjort eller rådyr, skal kommunen etablere eit viltfond som har til føremål å fremje viltforvaltninga i kommunen. Vidare heiter det at kommunen kan gi forskrift om fastsetting og innkreving av fellingsavgift for kvart dyr som vert felt av elg og hjort, innanfor rammer som er sett fast av Stortinget. Inntektene frå fellingsavgift skal tilfalle det kommunale viltfondet.

Sande kommune har frå før forskrift vedteke i 2002 som opnar for jakt og fastsett minsteareal (600 da) som grunnlag for fellingsløyve på hjort i kommunen. 

Sande har fram til og med 2025 kravd inn fellingsavgift frå valda i tråd med makssatsane vedtatt av Stortinget.

 Budsjett for viltfondet vert vedteke årleg ilag med resten av kommunebudsjettet. Fellingsavgifta vert inntekt til det kommunale viltfondet, og midlane vert brukt i samsvar med regelverk og kommunale retningsliner.

Du kan lese sakspapira her

Høyringssvar og frist:

Har du merknadar til detaljreguleringa må desse vere skriftlege og kan sendast til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes 

Merk skrivet med «Forskrift om fellingsavgift for hjort»

Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med sak 26/3776

Høyringsfrist: søndag 25. oktober 2026.