Høyring - Forskrift for skulefritidsordning (SFO)

Høyring - Forskrift for skulefritidsordning (SFO)

Etter vedtak om ny skulestruktur i kommunen er det behov for å revidere forskrifta for skulefritidsordninga, slik at forskrifta samsvarer med organiseringa av grunnskuletilbodet frå 1. januar 2027.

Dei føreslåtte endringane er i hovudsak knytt til organisering av tilbodet ved dei attverande oppvekstsentera, opningstider, sommar-SFO, plasstypar og praktiske forhold rundt drift, syskjenmoderasjon og foreldrebetaling. Samtidig er det gjort ei generell gjennomgang av forskrifta for å sikre at innhaldet er i samsvar med gjeldande lov- og forskriftsverk. 

Kommunen er etter opplæringslova § 4-5 pålagt å ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for elevar på 1.-4. trinn, og for elevar med særlege behov på 1.-7. trinn. Kommunestyret skal fastsetje lokal forskrift for ordninga.

Du kan lese sakspapira her

 

Høyringssvar og frist:

Har du merknadar til detaljreguleringa må desse vere skriftlege og kan sendast til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes 

Merk skrivet med «Forskrift for skulefritidsordning (SFO)»

Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med sak 26/3891

Høyringsfrist: torsdag 26. november 2026.

Pexels