Høyring - Endra buss og ferjeruter i Sande

Høyring - Endra buss og ferjeruter i Sande

Møre og Romsdal fylkeskommune v/ FRAM, sende 11. september ut på høyring endring i buss og ferjeruter på Søre Sunnmøre. Fylkeskommunen viser til auka kostnader knytt til endra skulestruktur i Sande og Herøy kommunar, samt vedtak om farvassavgift i Sande kommune som grunn for endringa.

Fylkeskommunen sine endringsforslag i Sande

Ferjerute 1066:

  • Avgang Kvamsøy kl 0020 – Larsnes, vert innstilt natt til tysdag
  • Avgang Larsnes kl 0105 – Kvamsøy, vert innstilt natt til tysdag
  • Avgang Larsnes kl 1340 – Kvamsøy, vert utsett til kl 1420 (mandag-fredag) 
  • Avgang Kvamsøy kl 1500 – Larsnes, vert utsett til kl 1510 (mandag-fredag)


Ambulansebåt:

  • Sidan ambulansebåten skal ha skuleskyss om morgonen, foreslår fylkeskommunedirektøren å utsette avgangstid frå Kvamsøy til kl 07.45, med ankomst Larsnes kl 08.10


Buss:


Du kan lese meir i sakspapira her

Høyringssvar og frist:

Har du merknadar til detaljreguleringa må desse vere skriftlege og kan sendast til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes 

Merk skrivet med «Høyring - Endra buss og ferjeruter»

Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med sak 26/3841

Høyringsfrist: torsdag 1. oktober 2026.