Høyring - andre gongs ettersyn - Detaljregulering for gang- og sykkelveg langs fv5868, Vik – Sætre

Høyring - andre gongs ettersyn - Detaljregulering for gang- og sykkelveg langs fv5868, Vik – Sætre

Sande kommune har utarbeidd ein detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg langs fylkesveg 5868 mellom Vik og Sætre. Rådgjevingsfirmaet OSE har bistått kommunen med dette arbeidet. Det har vore gjennomført ein første gongs høyring av planen. Merknadene som kom inn har ført til at kommunen har gjort endringar i planen. Desse endringane blir vurderte som vesentlege, og det er difor krav om ny offentleg høyring.

Sykkelveg gang og sykkelveg langs fv5868 - Klikk for stort bilete

Formannskapet i Sande kommune har i møte 03.06.2025 i sak FO-94/25 vedteke å legge planen ut til andre gongs offentleg ettersyn, i samsvar med plan- og bygningslova §12-10.

Plandokumenta finn du her. Høyringa vert også varsla i Vestlandsnytt. Varslingsbrev er sendt til grunneigarar og offentlege instansar.

Høyringssvar og frist

Merknadar til planforslaget må vere skriftleg og sendast anten per post til: Sande kommune, Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes eller via e-post: postmottak@sande.kommune.no .

Viktig å merke skrivet med «DP gang- og sykkelveg langs fv5868, Vik - Sætre - andre gongs høyring -Merknad»

Du kan også skrive ditt høyringssvar her. Merk med saksnr. 23/191

Eventuelle merknadar må sendast kommunen innan: måndag 11. august 2025.