
Det vart smil og god stemning i gangane. Små og store sette stor pris på at helselaget tok turen og laga ei hyggeleg stund midt i skulekvardagen. På menyen stod sunn og god mat, og praten gjekk livleg rundt borda.
– Vi er svært takksame for alt dei gjer for elevane våre, og alle var veldig glade for å få avslutte veka med ein nydeleg lunsj, seier rektor Camilla Auflem Vik.
Sande kommune er stolte av det gode samarbeidet mellom frivillige lag og skulen. Slike tiltak skaper fellesskap og glede – og minner oss om kor viktig det er å stille opp for kvarandre.
Tusen takk til Larsnes helselag for innsatsen!
