Har du tid og lyst til å hjelpe til ved stortings- og sametingsvalet i Sande 8.september ?
Sande kommune treng fleire valmedarbeidarar til stortingsvalet 2025.
Vi treng hjelp ved røystestadane i kommunen for å få gjennomført valet på ein god måte. Å vere valmedarbeidar gir deg ei fin erfaring rundt stemmerett og demokrati - viktige rettar vi har i Noreg.
Kva treng vi hjelp til?
Som valmedarbeidar kan du få desse oppgåvene:
- vise folk til valavlukka og orientere dei om kva dei skal gjere
- stemple stemmesedlar
- halde orden i valavlukka
- syte for ro og orden i røystelokala
- andre praktiske oppgåver
Vi har 5 røystestadar med litt ulike opningstider - les meir her.
Vi treng valmedarbeidarar ved alle røystestadane.
Har du tid og lyst til å hjelpe oss - meld di interesse på dette skjemaet.
Vi tek kontakt med deg og gjer ein endeleg avtale om kva røystestad som passar for deg.