Kråen Gard i Sande kommune
Cecile Hatløy / Møre media
I fjor vart eit tilsvarande møte på Hareid raskt fullteikna. På grunn av den store interessa gjentar vi no suksessen og inviterer til eit nytt møte.
Dette får du høyre om
På møtet møter du representantar frå landbrukskontoret og hoppid.no (verkemiddelapparatet). Dei vil gi deg nyttig informasjon om:
- Kva slags økonomiske tilskot du kan søke på.
- Kva ordningar som finst for deg som vil satse på tilleggsnæring.
- Korleis du kan gå fram for å utvikle nye idear på garden.
Inspirasjon frå Kråen Gard
Frå vår eigen kommune kjem Terje Grønmyr frå Kråen Gard i Sande. Han vil fortelje om deira imponerande reise. På kort tid har dei utvikla garden til å bli ein populær reiselivsdestinasjon med sterkt fokus på lokale råvarer. Her er det mykje inspirasjon å hente for andre som vurderer noko liknande.
Cecilie Hatløy / Møre media
Cecilie Hatløy /Møre media
Praktisk informasjon
Møtet er gratis, og det vert lett servering av mat og drikke.
Tid: Måndag 2.februar kl. 18.00-20.00
Stad: Skaparhuset, Sjøgata 30, Ulsteinvik
Påmelding: Du må melde deg på via dette skjemaet: https://forms.office.com/e/S4SL6CbzWp