Brannsjefen vil ha oversikt over alle jonsokbåla i kommunen. I søknaden må følgande informasjon kome fram:
- kontaktinformasjon for bålansvarleg og opprydding etter brenning (namn, mobilnr)
- kvar bålet er sett opp (lokasjon)
- når det er planlagt tenning av bål
Send søknaden til: postmottak@sande.kommune.no
Kvar enkelt søkjar vil få tilbakemelding på sin søknad.
Bygge og brenne jonsokbål
Sande kommune har gjeldande lokal føreskrift om open brenning/bålbrenning:
Her er lenka til den lokale forskrifta (PDF, 28 kB)
Føremålet med føreskrifta er å redusere sannsynlegheita for brann, samt motverke skade og annan forureining som oppstår i og ved open brenning.
Det er i føreskrifta § 4 lagt ned forbod mot brenning av bål på svaberg eller anna underlag som kan bli skada. Føreskrifta gjeld ved sidan av det generelle bålforbodet i Noreg mellom 15. april og 15. september (sommarhalvår). Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grill i nærleiken av skog, kystområde og anna utmark.
Det er vidare eit unntak i føreskrifta når det gjeld brenning av jonsokbål (§ 5 bostav f). Tenning av jonsokbål av reint trevirke der dette ikkje kan føre til skade eller stor fare for brann. Det vert stilt krav om rydding etterpå. Det må søkjast om løyve frå brannsjefen på førehand for dette unntaket. Dette innber at det skal søkast om jonsokbål innan 18. juni.
Gode råd og tips om branntryggleik finn ein på nettsida sikkerhverdag.no