Har du oppdaga eit gatelys som ikkje fungerer? No kan du enkelt melde feil

Har du oppdaga eit gatelys som ikkje fungerer? No kan du enkelt melde feil

Om du ser eit gatelys/veglys som ikkje fungerer, kan du sjølv melde frå om det på internett.

gatelys - Klikk for stort bilete Sande kommune

 

 

Eviny Solutions AS har ei kartbasert løysing for å melde inn feil på veglys via internett, der publikum sjølv kan registrere meldingar om feil.

 Meld inn feil på gatelys/veglys her

Sande kommune har ein avtale med Eviny Solutions AS om vedlikehald og drift av dei eksisterande veglysa.

Eviny rettar feil fortløpande og kjem til Sande når dei har samla opp fleire oppdrag i kommunen. Difor kan det ta litt tid frå ein melder ifrå til lyset vert fiksa. Det kan også hende at vegkryss må prioriterast framfor små blindvegar.

Eviny Solutions AS har ansvaret for å bytte ut pærer i lysarmatur.

Om kartet:

  • Gule punkt i kartet viser veglys som ein kan melde inn feil på. 
  • Blågrå punkt i kartet viser veglys som ikkje vert drifta av kommunen, og som ein difor ikkje kan melde inn feil på til kommunen. Dette gjeld til dømes veglys som vert drifta av Statens vegvesen, langs fylkeskommunale vegar eller veglys på private vegar.
  • Raude punkt med “lyspære illustrasjon” viser at feilen er registrert. Når du går inn på den kartbaserte løysinga, kan du raskt sjå om feilen allereie er meldt inn.

 

Under ser du eit gatelys som er ute av drift. Feilen er registrert i den kartbaserte løysninga og vil bli utbedra.

Kartet viser eit veglys som er ute av drift - Klikk for stort bilete Eviny Solutions