Pixabay
Dette kan vere aktuelt for studentar, pensjonistar, personar med relevant utdanning, eller andre som har interesse for arbeid med barn og unge.
Arbeidsoppgåver vil bestå av oppfølging og omsorg for borna, samt praktiske oppgåver i samarbeid med dei andre tilsette.
Vi ser etter deg som:
- Er glad i å arbeide med barn og unge
- Er påliteleg og fleksibel
- Har gode samarbeidsevner
- Kan stille på kort varsel ved behov
Ønskte kvalifikasjonar:
- Erfaring frå arbeid i skule, barnehage eller anna arbeid med barn er ein fordel
- Fagbrev eller pedagogisk utdanning er positivt, men ikkje eit krav
- Du må kunne leggje fram gyldig politiattest før oppstart
Slik kan du melde deg
Fyll ut skjemaet her
eller ta kontakt med Sande kommune v/ Elin Almestad på elin.almestad@sande.kommune.no
Søknadar vert vurderte fortløpande.