Har de forslag til Fylkeskulturprisen 2025? Hugs fristen 1.september!

Har de forslag til Fylkeskulturprisen 2025? Hugs fristen 1.september!

Kjenner du nokon som har lagt ned ein spesiell innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Scene-teater - Klikk for stort bilete Pixabay

Kven kan få prisen?

Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket og kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som

  • høyrer heime i fylket
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping 

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen

Prisen er eit diplom og 50 000 kroner. Fylkeskulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Har du eit forslag?

Meld inn din kandidat med grunngjeving i skjemaet, innan 1.september.​ Skjemaet finn ein på denne lenka: Fylkeskulturprisen - Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningslinjer for fylkeskulturprisen.pdf (PDF, 82 kB)