Gursken IL har fått tilskot for inkludering av barn og unge for 2024

Gursken IL har fått tilskot for inkludering av barn og unge for 2024

Bor du i Sande kommune og treng støtte til å reise på cup eller leir? Eller treng du treningsutstyr som til dømes drakt eller fotballsko ? Gursken IL har fått tildelt midlar i frå Bufdir, tilskot for inkludering av barn og unge 2024. Prosjektet er kalla "Fritidskassa, alle skal med!"  

Målgruppa pengane skal gå til er definert slik av Bufdir: 

"Ordningens målgruppe er barn og unge i alderen fra 0 til og med 24 år som av ulike grunner står i fare for å havne i utenforskap. Videre gjør Bufdir oppmerksom på at det kun er kostnader til utstyr og/eller reise til fritidsaktiviteter, og/eller kostnader i forbindelse med cup eller leir som kan dekkes, jf. § 4-4 bokstav b."

Pengane som er blitt tildelt Gursken IL er søkt under § 4-4, lokale fritidskasser, og skal gå til barn og unge i heile Sande kommune. Det er avklart at ein dessverre ikkje kan dekke deltakaravgifter, ei heller deltaking i kulturskulen.

Alle typer fritidsaktivitetar som vi har i kommunen, kan personar i målgruppa få støtte til. 

Dersom det er fastbuande barn/unge i målgruppa som reiser ut i frå kommunen for å delta på fritidsaktivitetar, kan ein gje støtte innanfor kategoriane. 

 

Kategoriane er som fylgjer: 

  • Kostnader til reise for å delta i fritidsaktivtetar, buss / ferge billett.
  • Kostnader til utstyr (også treningsklede) brukt til fritidsaktiviteter.
  • Kostnader i samband med cup eller leir.  

 

Om til dømes nokon ikkje kan delta, eller bli med på aktivitetar grunna utgifter innanfor kategoriane over, kan søknader/støtte vurderast. For at alle skal kjenne seg inkludert så kan ein gje støtte til eksempelvis fjellsko, fotballsko, treningsklede til dei som ikkje har råd til dette.

Det er viktig å trekke målgruppa inn i organisert aktivitet. Eldsjeler som vil organisere faste aktivitetetar som til dømes fjellturar/turar for personar i målgruppa, (og andre) vil verte prioritert.  

Gursken IL skal arrangere symjeopplæring i Fosnavåg denne hausten også, og vi ønsker å inkluderere alle som vil vere med.  Vi kan gje støtte til transport til fritidsaktivitetar, slik at dersom nokon ikkje kjem seg i aktivitet grunna mangel på bil i heimen, eller har økonomi til busstransport eller liknande, vert inkludert.

Midlane, 150.000,- skal  forvaltast forsiktig innanfor vedtaket, og dei kan delast ut til barn og unge i målgruppa, i dei tre kategoriane nemnde ovanfor. 

Gursken IL utrykker at dei er glade for at Sande kommune og oppvekstsektoren vil hjelpe med å gjere informasjonen om midlane kjend.

I samtale med rådgjevar i Bufdir er Gursken IL anbefalt at tredjepart kan søke på vegne av barnet/ungdomen. Ressurspersonar som møter barn/unge i det frivillige arbeidet, blir oppmoda om å søke enten til Sande kommune v/Elin Almestad: elin.almestad@sande.kommune.no , eller direkte til leiargil@gmail.com

Barnet, eller ungdomen må vere busett i Sande. 

Fotballtrening - Klikk for stort bilete istock