Godt oppmøte på beredskapskveld i Sande

Godt oppmøte på beredskapskveld i Sande

Politiet hadde dessverre ikkje høve til å delta, men Marte Holseker frå Sørøyane Røde Kors og Oddbjørn Indregård, frå Sande kommune, stilte opp og bidrog med nyttig informasjon.

Informasjon om beredskap frå Oddbjørn Indregård - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik

Initiativet kom frå pensjonistlaget, som tok kontakt med Frivilligsentralen med ønskje om eit ope møte om beredskap i kommunen. Frivillegsentralen var positive til dette, og saman fekk dei arrangert ein lærerik kveld.

Ann-Kristin Brekke Oksavik ønskte velkomen, før Oddbjørn Indregård tok over og innleidde med generell informasjon om beredskap.

Vidare gav Marte Holseker frå Røde Kors god  innsikt i det viktige arbeidet organisasjonen gjer – ofte mykje meir enn det folk er klar over. Ho snakka også om kva rolle Røde Kors har i ulike beredskapssituasjonar.
 

Presentasjon ved Røde kors  - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik

Indregård fortalde meir om eigenberedskap og delte ut brosjyra «Slik bidrar du til beredskapen i Noreg».
Ønskjer du å lese meir, kan du hente brosjyra på biblioteket eller rådhuset. Kanskje kan du også dele ho med beredskapsvenen din?

Presentasjon med beredskapskontakt i Sande Oddbjørn Indregård - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik

Eit sentralt tema var eigenberedskap – kva kvar enkelt av oss kan gjere for å vere betre førebudd dersom noko skulle skje. Indregård understreka at ved å følgje råda frå styresmaktene om kva ein bør ha heime, bidreg ein til at hjelpa kan nå dei som treng det mest.

Samhald og fellesskap vart også løfta fram som ein viktig ressurs i krisetider. Det vart oppmoda til å ha ein beredskapsven – ein person du kan støtte deg på, og som kanskje treng di hjelp også.

Mot slutten av møtet fekk deltakarane diskutere eit tenkt scenario:

Eit langvarig uvêr har slått ut straum og telekommunikasjon i heile Møre og Romsdal. I Sande må vi rekne med å vere utan straum, telefon og internett i sju dagar. Er vi førebudde?

Dette skapte engasjerte samtalar i grupper før møtet vart  avslutta, og deltakarane gjekk heim kvar til sitt – litt klokare og meir førebudde enn før.

Beredskap preesentasjon ved Oddbjørn Indregård - Klikk for stort bilete Ann-Kristin Brekke Oksavik