Godt å ha ein Livsgledeheim i Sande

Godt å ha ein Livsgledeheim i Sande

Sandetun omsorgssenter og omsorgsbustadane i Sande er på nytt sertifisert som Livsgledeheim.  I Møre og Romsdal er det kun Sande som har denne sertifiseringa. Kva er Livsgledeheim og kva betyr det for dei som bur der? 

Livsgledeheim

Livsgledeheim er eit verktøy for kvalitetsarbeid som systematisk tek i vare  behova til dei som bur på sjukeheim og  omsorgsbusstadar.

Livsgledeheim skal også vere med på å opne institusjonane gjennom rutiner for samarbeid med aktørar i lokalmiljøet. Slik håper ein at vi kan skape auka frivilligheit i eldreomsorga.
 

I Sande har vi hatt ordninga sidan 2021 og no er vi på nytt sertifiserte til å drive dette arbeidet vidare. 

Ordninga har vore ein suksess fordi dei tilsette har livsgledetanken med på jobb kvar dag. I tillegg  er både Hauemarkja barnehage og Haugelia barnehage Livsglede- barnehagar og samarbeider tett på omsorgssenteret. Frivillige organisajonar er også gode støttespelarar saman med bedrifter og næringsliv,  sier Gitte Edvardsen som er einingsleiar for institusjonstenestene i Sande. 

Ho orienterer denne veka eldreråd, rådet for personar med nedsett funksjonsevne  og helse -og omsorgsutvalet om arbeidet som blir gjort.  

Her kan du lese meir om kva det vil seie å vere Livsgledeheim og kva det betyr for dei som får glede av denne ordninga. .