Ei av eldsjelene bak Feel It showet, Håkon Vestnes, gir uttrykk for at det er kjempekjekt for dei å lage noko for skuleborna. Han seier vidare at dei synest det er stor stas å vise elevane litt av det dei styrer med. Dei utruleg gode tilbakemeldingane dei får gjennom skuleshowet, set dei også stor pris på, og han kallar skuleborna for eit fantastisk publikum.
Rektor Marianne Solbjørg Ose, synest det var eit svært bra show med godt opplegg for skuleborna:
-Fine framføringar, flott song, fine kostymer og fint pynta bord med stemningsfullt lys. I tillegg var det flott at dei som framførte showet, serverte maten også. Litt ablegøyer var tydeleg også populært.
Solbjørg Ose seier vidare at det var kjekt at elevane som gruppe fekk kome og at alle dei tre skulane i Sande var med. Ho observerte at elevane fylgde godt med, og ho set pris på at elevane får oppleve ein slik setting, der folk har prioritert og gjennom dugnad har laga dette til for elevane.
Ein kunne sjå at det lyste frå augene til elevar som var imponerte og tydeleg fornøgde. Forskjellig lyssetting bidrog også til at det unge publikummet var godt med.