God formidling av forfattar Stephen Hogtun

God formidling av forfattar Stephen Hogtun

25.mars hadde 1.og 4.klasse ved Gursken oppvekstsenter forfattarbesøk av Stephen Hogtun. Han har skrive og illustrert flotte biletbøker for barn og ungdom. Hogtun bor i Gursken i Sande kommune.

 

Forfattar og illustratør Stephen Hogtun - Klikk for stort bileteForfattar Stephen Hogtun og alle bøkene han har gitt ut til no. Karen-Ann Rødseth

Gjennom halvannan time formidla Hogtun godt korleis han skriv og illustrerar bøkene sine.
Han losa elevane gjennom ulike teikneøvingar og fortalde at dei skal ha tru på seg sjølv når dei har ein ide for teikning eller skriving.

Lærar ved Gursken oppvekstsenter Stine Brune Lillebø fortel at ho synest han skriv fantastiske biletbøker for barn og ungdom. - Ja, eg tenkjer det er flotte bøker for oss vaksne også! Stephen var også svært gavmild og gav alle elevane kvar si bok : "The station cat". Dette er ei stor gåve å ta imot!  Seier lærar Stine Brune Lillebø.

Foreldra har blitt oppfordra til å lese og oversette den saman med barnet sitt heime. Dei kan snakke om fargebruken i illustrasjonane og korleis emosjonane kjem fram undervegs i historia.
 

Dette besøket var verkeleg noko dei tilsette og elevane sette pris på, elevane var veldig engasjerte og gav god tilbakemelding til Stephen Hogtun.

Hjarteleg takk for besøket!

I morgon skal elevane lese "Sparks of imagination".
"Every child has their own little spark of imagination that is with them, no matter what comes their way."  Sitat: Stephen Hogtun.