God deltaking ved førehandsrøystinga i Sande

God deltaking ved førehandsrøystinga i Sande

28,8 % av dei som har stemmerett, nytta seg av høvet til å røyste på førehand ved rådhuset på Larsnes eller ved Sandetun omsorgssenter. Nokre få nytta høvet til å røyste heimanfrå. 

Tilsaman var det 449 personar som røysta på førehand. Talet er litt høgare enn ved førre stortingsval i 2021 ( 25%) , og valstyret i Sande er godt nøgde med gjennomføringa av denne røysteperioden.

Den ordinære valdagen er måndag 8. september. 

Sjå dei lokale opningstidene i dei ulike krinsane.

Bruk stemmeretten ! 

Godt val !

 

Valstyret i Sande kommune