Sande kommune
Dei ønsker å vere ein trygg møteplass, der ein kan vere sosial og samtidig få utforske dei kreative evnene sine. I tillegg utforskar dei saman moglegheiter for uteaktivitetar i nærområdet.
Målet er at kvar einskild skal kunne få fleire verktøy i kvardagen, for å kunne takle eigne utfordringar og på sikt klare meir på eiga hand.
Dei uttrykte at sidan vi bur på ei øy og har storhavet som nærmaste nabo og for å utnytte dei moglegheitene det byr på, ønskte dei seg litt fiskeutstyr.
Kvamsøy Helselag og Dagny Brekke, tok utfordringa, og kontakta fleire av bedriftene i nærleiken. Dei fekk positivt svar frå dei tre første dei spurde.
Både frå Brimer AS og frå Byggmester Slettestøl AS fekk dei fiskestenger. Kvamsøy Helselag bidrog også med ei fiskestang. Larsnes Mek Verkstad AS sitt bidrag var pengar til å kjøpe slukar og anna. Dagny Brekke frå Kvamsøy Helselag stod for innkjøp av slukar og tilbehør.
Alle i tenesta for psykisk helse og rus i Sande, vil rette ei stor takk til alle bidragsytarane og dei fortel at dei har mange som gler seg til neste fisketur.
Her er utstyret klart, stenger, slukar, bøtte, vekt, og alt ein måtte trenge til ein fisketur. Første turen gjekk til Grønholmen og jammen fekk dei ein liten fisk. Fisken fekk symje vidare i havet då dei slapp den ut.
Sande kommune