Endringa skuldast Tussa Energi si nedtapping av Sædalsvatnet dette året. Nedtappinga er uvanleg høg og kommunen har ikkje opplevd liknande nedtapping på 10-15 år. Det er ikkje påvist bakterieinnhald i kommunen sine prøver frå 2026 ved Gjerdsvika VBA. Vatnet er derfor ikkje farleg å drikke. Det er etablert dialog med Mattilsynet om saka. Prøvetaking av drikkevatnet frå Gjerdsvika VBA er gjennomført for å ha betre kontroll på vasskvaliteten
For å betre fargeinnhaldet i drikkevatnet har kommunen bedt Tussa Energi om å heve vassnivået i Sædalsvatnet.
Tiltak som kommunen arbeider med:
- Sande kommune utføre spyling 2 gongar veka av leidningsnettet i Gjerdsvika, Haugsbygda og på Sætre.
- Kommunen utvide forsyningsområdet til Holtane VBA mot Haugsbygda, for å avlaste Gjerdsvika VBA i perioden med låg vasstand i Sædalsvatnet. Dette skjer så lenge vassforbruken ikkje vert for høg i Gursken.
- Pluggkøyring av leidningsnett vert gjennomført ved utsette stadar på leidningsnettet. Veke 43 vert kommune leidningane i bustadfelt Hauglia og Sætre reingjort. Nærmare info om tidspunkt vert varsla på sms.
- Sande kommune har engasjert ein vasskonsulent som vurderer tiltak for å fjerne farge- og mineralinnhald i vatnet ved Gjerdsvika VBA.
Mattilsynet og kommunen skal veke i 43 ha møte om vassforsyning frå Gjerdsvika vassbehandlingsanlegg.
Ved ytterlegare spørsmål om drikkevatn kan du kontakte Teknisk og landbruk i Sande kommune ved Helge Kleppe, telefon 932 89 894 eller gjennom kontaktskjema:
Kontaktskjema til Sande kommune
Med helsing
Sande kommune