Norges Handikap Forbund Sande har kjøpt inn åtte ASK-tematavler som dei gir i gåve til oppvekstsentera og barnehagane i Sande kommune. Dei har allereide fått hengt opp ASK-tavler fleire plassar, mellom anna i Gjerdsvika og Hauemarkja barnehage.
ASK er ei forkorting for alternativ supplerande kommunikasjon med grafiske symbol som blir nytta til å støtte språkutviklinga til barna som brukar tavla. Statped skildrar korleis tavla kan nyttast av fleire grupper:
-Nokre personar kan ikkje bruke talespråk grunna medfødde tilstandar, skadar eller sjukdom. Det å kommunisere på andre måtar vert kalla alternativ og supplerande kommunikasjon, eller ASK (Stadped.no)
Oddhild E. Våge, rektor ved Larsnes skule, var svært takknemleg for gåva som dei fekk overrekt. Vidare fortalde ho begeistra at dette blir ein flott møteplass for barna, spesielt fint og nyttig blir det i fadderordninga dei har ved Larsnes oppvekstsenter og for dei barna som startar i første klasse. Dei kan møtast her å sjå på ASK-tematavla og peike på symbola. Dette kan bidra til at kommunikasjonen mellom barna blir betre, sidan desse symbola er eit fint tillegg til den verbale kommunikasjonen. Dette er også eit positivt tiltak for framandspråklege då ASK-tavla gjer det mykje lettare for denne gruppa å kommunisere med medelevar, fortel rektor Oddhild E. Våge.
Margunn Rekdal som er leiar for PPT i Sande og regionleiar i NHF, fortalde at ifølgje opplæringslova skal ein sikre ein god overgang frå barnehage til skule, og desse tavlene er med på å gjere det lettare for barna å kommunisere ved å peike på tavlesymbola . Dette kan hjelpe fleire, og særleg dei som manglar funksjonell tale. Den sistnemnde gruppa har; både etter barnehage- og opplæringslova rett til å bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa. Grafiske symbol for ord er eit slikt alternativ, eller ei supplerande kommunikasjonsform. For at slike grafiske symbol skal vere nyttige må større delar av samfunnet ta dei i bruk.
I ASK er der ein bank med grafiske symbol slik at ein kan lage mange ulike tematavler, alt etter kva steg elevar er på, kan ein tilpasse symbola til dei det gjeld. Margunn Rekdal seier vidare: Folk har et grunnleggande behov for å sette ord på ting, eller uttrykke seg i setningar. Ho fortel og meir om denne tavla: ASK har alt ein treng for å sette saman ei setning der er spørjeord, pronomen, kjensleord og substantiv etc.
ASK er universelt utforma. Det at produkt, tenester og omgivnader er universelt utforma er viktig for lokallagsleiar Else Marie Rekdal (i Norges Handikap Forbund). Ho seier vidare : - Det nyttar ikkje å klage. Vi vil heller bidra. Ho fortalde at dei ønskjer nye krefter inn i NHF Sande og oppfordrar folk til å bli med.
Kommunedirektør Renathe Rossi Aglen var svært takksam for gåva frå NHF Sande.
-Vi er heldige som har ei slik dugnadånd og frivillege organisasjonar som bidreg på ein imponerande måte i Sande.