Fritt skuleval innan Sande kommune gjeld frå 01.08.20 Pixabay Elevar i Sande kommune skal som hovudregel gå på nærskulen sin, jfr Forskrift om skulestruktur i Sande kommune. (PDF, 613 kB) Frå 01.08.20 har foreldre/ føresette høve til å søkje om at eleven skal gå på ein annan skule. Fristen for å søkje er for neste skuleår er 1.mai. Korleis søkje? Her finn du søknadsskjemaet som du skal nytte. Når får eg svar? Du får svar fortløpande og innan 3 veker. Kostar det noko ekstra? Meirkostnadar ved skyss er i utgangspunktet føresette sitt ansvar. Det vert i utgangspunktet ikkje oppretta nye skyssordningar som følgje av skulebytet. Her kan du lese reglane som vart vedtekne i kommunestyret 26.05.20 (PDF, 542 kB) Publisert av Elin Rokstad Publisert 28.05.2020 14:04 Sist endra 12.07.2022 08:17