DNT
Reindalseter 25.–27. juni og 11.–13. august
Denne turen passar for barnefamiliar med barn frå 5–6 år og oppover. Det tek 3–5 timar å gå inn til hytta, og ein må bere si eiga bagasje. Tilbodet inkluderer transport, overnatting, frukost, middag og niste på Reindalseter.
Kaldhusseter 7.–10. juli
Dette opphaldet passar for barnefamiliar som vil ha kjekke dagar på fjellet. Det går bilveg heilt fram til hytta. Tilbodet inkluderer transport, tre overnattingar og felles måltid.
Hyttepakke
Du kan få opptil tre netter på ei ubetent eller sjølvbetent DNT-hytte, eller to netter på betjente Reindalseter. Transport er ikkje inkludert.
Ferietilbod for barn og ungdom
Friluftsskule
Eit ferietilbod i nærmiljøet for barn og ungdom frå 10 til 13 år. Friluftsskulen varer i fem dagar på dagtid og er open for alle. Målet er å gi deltakarane gode opplevingar i naturen i sommarferien.
Basecamp
Basecamp er ein ferieleir for ungdom frå 13 år og oppover. Deltakarane bur i telt, lavvo eller på ei DNT-hytte i fleire dagar. Her kan du prøve mange ulike frilufts- og fjellsportaktivitetar.
Sjå full oversikt på:
Friluftsferie for alle - DNT Sunnmøre - DNT
dnt.no/sunnmore
Sjå PDF her (PDF, 830 kB)